Nordhue - fottur og kulturprogram

Fellestur

Dato
26. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Hamar og Hedemarken Turistforening
Turområde
Hedmarken og Hedmarksvidda (se kart)

Bli kjent med Per Sivle, Helge Væringsåsen og gamle songdansar! Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, toppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt».
Kl. 13 startar eit kulturprogram innandørs med tittelen «Den nordiske sangskatten siste 100–150 år». Førstelektor ved Høgskolen i Innlandet, Bjørn Sverre Kristensen og folkesongaren Margrete Nordmoen skal saman ta oss gjennom den delen av nordisk kulturarv. Programmet er laga saman med lokallaget til Foreningen Norden i samband med foreininga sitt 100-års jubileum. Programmet er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.  
Det blir høve til allsang og songdans. Det er sal av kaffe og kaffemat, men ta gjerne med eigen niste.
Frå Løtensia er turen opp ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Attende til Øisetra kan ein gå bilvegen på ca. ¾ time.
Frå Østerdalen går ein opp frå Rustad, parkering der den gamle ferdavegen til Nordhue startar (2 km frå rv 3 like ved Rustad stasjon).  Same veg attende.
Turen er eit samarbeid mellom Folkedanslaget Sølja, HHT og DNT Elverum.
Frammøte: Frå Løten: Myklegard ved rv 3/25 Ånestadkrysset kl. 10.00 og samkøyring vidare. Eller direkte på Øisætra, parkering etter brua på vegen til Nordhue kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 3/25 ved Ebru (ca. 14 km). NB! Bomveg.
Frå Østerdalssia: Folkvang (den gamle lærerhøgskolen) i Elverum kl. 10.00 og samkøyring derfrå til Rustad
Turleiarar: Frå Løten: Einar Lund, tlf. 901 46 218, kjentmann Arne Rom. Frå Elverum: Geir Olav Nerby, tlf. 976 80 118
 

Nordhue - fottur og kulturprogram

Bli kjent med Per Sivle, Helge Væringsåsen og gamle songdansar! Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, toppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin ...

Kontaktinformasjon:

  • Hamar og Hedemarken Turistforening
  • Tlf. 62 42 28 48
  • E-post: hht@dnt.no

Turledere:

  • Geir Olav Nerby
  • Einar Lund