Nordhue - tur og kulturprogram

Fellestur

Dato
29. mai kl. 10:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Hamar og Hedemarken Turistforening
Turområde
Hedmarken og Hedmarksvidda

Bli kjent med Per Sivle, Helge Væringsåsen og gamle songdansar! Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, toppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt».

Turen frå Øisetra er ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Attende til Øisetra kan ein velje å gå bilvegen på ca. ¾ time.

Kl. 13 startar eit kulturprogram innandørs «Ei vitjing av Helge Væringsåsen på Nordhue» ved Gotmar Rustad. Det blir høve til allsong og songdans. Det er sal av kaffi og kaffimat, men ta gjerne med eigen niste.

Frammøte: Øisætra, parkering etter brua på vegen til Nordhue kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 3/25 ved Ebru (ca. 14 km). NB! Bomveg.

Turleiarar: Einar Lund, tlf. 901 46 218 og kjentmann Arne Rom, HHT Løten krets. Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkedanslaget Sølja, HHT og DNT Finnskogen og omegn, Elverum.

Kontaktinformasjon:

  • Hamar og Hedemarken Turistforening
  • Tlf. +4748259734
  • E-post: hht@dnt.no

Turleder:

  • Einar Lund