Nordhue - fottur og kulturprogram

Fellestur

Dato
20. mai 2012
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, , Tema
Arrangør
Hamar og Hedemarken Turistforening
Turområde
Østlandet, Hedmarken og Hedmarksvidda
Turkode
HHT20120520
Dette arrangementet er over!
Kombinert fottur og kulturprogram med Per Sivle og songdansar, kaffe og Helge Væringsåsen

Turen går til Hedmarksviddas storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt». Turen opp er ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Ein kan rekne ca. 1 ½ time på turen.

Kl. 13 startar kulturprogrammet: songdans ved Folkedanslaget Sølja og elles noko knytt til Per Sivle og Helge Væringsåsen. Det er sal av kaffe og kaffemat, men ta gjerne med eigen niste. Etter opphaldet på Nordhue kan ein gå vegen attende til parkeringa på ca. ¾ time.

Frammøte: Øisetra (ca. 14 km frå rv 25) kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 25 ved Ebru (bomveg).

Turleiar: Einar Lund, tlf. 901 46 21

Kontaktinformasjon:

  • Hamar og Hedemarken Turistforening
  • Tlf. 62522848
  • E-post: hht@dnt.no