Nordhue - fottur og kulturprogram

Fellestur

Dato
29. mai 2011
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur,
Arrangør
Hamar og Hedemarken Turistforening
Turområde
Østlandet, Hedmarken og Hedmarksvidda
Turkode
HHT20110529
Dette arrangementet er over!
Kombinert fottur og kulturprogram med Per Sivle og songdansar, kaffe og Helge Væringsåsen

Turen går til Hedemarksviddas storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt». Turen opp er ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Ein kan rekne ca. 1 ½ time på turen. Lokalkjende kan óg gå på eigen hand frå Rustad i Østerdalen.

Kl. 13 startar kulturprogrammet med kåseri av Karl-Anders Hovden om bestefaren, diktarpresten Anders Hovden (1860 – 1943) sitt venskap med Per Sivle (1857 – 1904) og Helge Væringsåsen (1836 – 1917). Representant for Sivle-laget fortel vossastubbar skriven av Per Sivle og det vert ei orientering om Helge Væringsåsen og ”Borgen” på Nordhue. Songdans ved Folkedanslaget Sølja.

 Det er sal av kaffe og kaffemat, men ta gjerne med eigen niste. Etter opphaldet på Nordhue kan ein gå vegen attende til parkeringa på ca. ¾ time.

Frammøte: Øisetra (ca. 14 km frå rv 25) kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 25 ved Ebru (bomveg). Sjå kart http://kart.gulesider.no/ Søk på kjøyrerute Ebru - Nordhue, Løten

Turleiar: Einar Lund, tlf. 901 46 218

Kontaktinformasjon:

  • Hamar og Hedemarken Turistforening
  • Tlf. 62522848
  • E-post: hht@dnt.no