Nordhue - fottur og kulturprogram

Fellestur

Dato
28. mai 2017 kl. 10:45
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Tematur
Arrangør
Hamar og Hedemarken Turistforening
Turområde
Hedmarken og Hedmarksvidda (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli kjent med Per Sivle, Helge Væringsåsen, Arne Garborg og gamle songdansar
Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad «Borgen» og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt».
Kl. 13 startar eit kulturprogram innandørs. I år vil Helge Hognestad snakke om Arne Garborg sin bok frå 1906, «Jesus Messias» og samtida sin reaksjon på boka. Det blir allsong til songar av Arne Garborg og andre. Det er sal av kaffe og kaffemat, men ta gjerne med eigen niste.
Frå Løtensia er turen opp ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Arne Rom er med som kjentmann. Attende til Øisetra kan ein gå bilvegen på ca. ¾ time.
Frå Østerdalen kan ein gå opp frå Rustad, P-plass der den gamle ferdavegen til Nordhue startar (2 km frå rv 3 like ved Rustad stasjon). NB! Ingen organisert fellestur frå Østerdalsida.
Arrangementet er i samarbeid med Folkedanslaget Sølja.
Frammøte: Øisetra i Løten kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 3/25 ved Ebru (ca. 14 km). NB! Bomveg.
Kontaktperson: Einar Lund, tlf. 901 46 218

Nordhue - fottur og kulturprogram

Bli kjent med Per Sivle, Helge Væringsåsen, Arne Garborg og gamle songdansar Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Einar Lund